Guri på tur

Out and about in... China!

28 juni 2006

London

Saa har endeleg eg og Tale kome oss til London, og ikkje nok med det, me har kome oss til ein internettcafe.

Me kom til London med eit "litt" forsinka fly paa soendag, nei, no tullar eg, mandag. Etter ganske lite (inponerande lite faktsik) om og men fann me fram til hostellet og oppdaga at me fekk 8 persons rom i staden for 12 personsrom, slik som me hadde betalt for. Jippi! Folka paa rommet var hyggelege, og eit par av dei bur der faktisk framleis. Blant anna to Tyske jenter. I gaar kveld flytta det inn ein Canadisk fyr paa rommet som reiser aleina, saa han har og vorte "adoptert" av gjengen.

Hostellet ligg rett ved British Museum og er 5 min (max) gaatur fraa Oxford Street.

I gaar var eg og Tale paa British Tate, og saa gjekk me langs Themsen og over "the wibbely-wobbely bridge" (anar ikkje kva den eigentleg heiter) til st. Pauls. Om kvelden var med ut og aat med folka fraa hostellet.

I dag hadde me tenkt aa gaa paa Salvador Dali utstilling, men den kosta pengar, saa det droppa me. I staden gjekk me i Hyde Park, HMV megastore og ned Oxford Street til Marble Arch. Me proevde aa gaa inn i nokre butikkar paa Oxford Sreet, men det var saa mange folk der at me gav opp. (Apropos HMV, kan nokon av soeskenene mine sei meg om de har det nyaste Need for Speed spelet?)

Seinare i dag skal me finna oss ein stad aa eta middag, etter det skal me kanskje paa konsert paa ein rockeplass den canadiske fyren meinte var bra.

I morgon trur eg at eg skal paa Tate Modern og kanskje nationalgalleriet, om kvelden skal eg sjaa ein musical, kanskje Les miserables, for den har eg ikkje sett, eller saa skal eg paa ein konser paa Camden. Paa fredag skal eg paa Camden market og kanskje paa musical om eg ikkje gaar i morgon. Paa laurdag er Europrideparaden, saa daa skal eg antan gaa i den eller sjaa paa den. Paa soendag reiser me til Budapest. Foer den tid maa eg faa vaska nokon klede...

Litt sveitt internettcafe-i-London helsing fraa Guri

26 juni 2006

Oppsummering av veka som har gått

eller noko slikt...

Som kjent har eg tilbrakt den forrige veka på Skeive dagar (stort sett), og her er noko av det eg har gjort.

På tysdag, onsdag og torsdag jobba eg som frivillig på skeive dagar for å få gratis festivalpass. På tysdagen og onsdagen rigga eg scene. Det tok si tid.

På tysdagen var det meninga at me skulle byggja sjølva scena (tak, vegger, golv og så vidare), dette skulle me vera ferdig med til ca klokka 18.00. Det var me ikkje. Me var ferdige sånn rundt klokka 23.30. Sjølvsagt hadde me lov å gå etter at klokka vart 18.00, men slikt har jo ikkje eg samvit til. Uansett var det hyggelege folk å jobba med og dessutan fekk me peppes pizza to gonger, og gratis mat er jo aldri å forakta. Forøvrig var det opphaldsvær på tysdagen (kvifor eg nemner det skjønar de seinare).

På onsdagen skulle me rigga lyd og ljos. Det var jo forsåvidt greit. Problemet var berre at i motsetnad til på tysdag var det ikkje opphaldsvær, tvert imot hølja det ned verre. Det regna "kattar og hundar". Bortover! Eg har aldri sett så dårleg vær i oslo før. Jaja.

På torsdag var eg ryddevakt frå 12.00 til 18.30. Det var høljregn og storm den dagen og. Det førte jo til at det ikkje kom så mange folk eg kunne rydda opp etter, derimot fekk eg hendene fulle med å sikra sånn partytelt som det var stands og sånn inni. Til trass for betonglodd fauk dei avgarde for eit godt ord...
Då eg var ferdig med vakta mi skulle eg møta ei veninne... før eg kunne gjera det måtte eg gå på H&M og kjøpa nye sokkar. Dei gamle gjekk det an å vri opp... Trur kanskje folk på Elm syntes eg var litt rar der eg kom inn klissvåt, gjekk rett inn på doen og kom ut igjen barbeint. Jaja.

På laurdag var den store paraden under Skeive Dager. Eg trur ikkje eg skal skriva om den, berre nøya meg med å leggja ut eit par av mine eigne bilete og å linka til bileta gaysir.no tok.



Søndag var den store familiedagen. Eigentleg skulle eg og eit par syskenbarn i frognerbadet, men sidan det regna då og (etter å ha vore fint på laurdag) endte me opp på tøyenbadet i staden. Det er jo fint der og. Me likna litt på rosiner etter å ha vore der i nokre timar, trur eg.
Etter badinga var det grillings. Sidan eg er veggis fekk eg fisk. Onkelen min har ikkje grilla fisk før. Bra ikkje all fisken datt gjenom rista seier berre eg ;) Etter middag var me på kino og såg "the Shaggy Dog" ein nyversjon av ein Disneys fyrste ikkje animerte film. Den var jo grei nok den, fin moral og litt i overkant urealistisk "dei gode sigrar til slutt" avslutning. men morosam og absolutt underhaldande.
Etter familiehenging i stor stil brukte eg dei neste tre timane på å ta dårleg krresponderande kollektivtransport from og tilbake og rundt om kring. Men det var ikkje eigentleg underhaldande, berre irriterande, så det skal de sleppa å lesa om.

I dag skal eg og Tale vidare til London. Meir om det seinare. So long.

(Nettet her tok så lang tid, så det vert diverre med dei eine biletet. Synd, men slik er det.

19 juni 2006

Kom og sjå!

I helga har eg vore på eittårstreff på Toneheim. Me hadde det veldig kjekt og eg har vorte litt solbrent. Til trass for at eg brukar solfaktor 30 og helst sit i skuggen uansett. På søndagen var det nemleg eigentleg overskya, så eg tok ikkje på meg solkrem om morgonen, men så kom sola fram likevel, og då gjekk det nesten ein time til eg fekk somla meg til å ta på solkrem. Meir skulle det altså ikkje til før eg vart solbrent. Jaja. Sånn kan det gå.

Uansett. Her i oslo gjer eg på heilt andre ting enn å sitja på plenen å verta solbrent.

Mi veninne Mari og ei som heiter Berit har starta ein kulturstafett til støtte for dei sveltestreikande Afghanarane og i dag skal eg synga på den. Så møt opp klokka 19.00 ved domkyrkja (i Oslo) alle saman!

Du kan skriva under på oppropet mot utsending her og besøka den offesielle nettsida her.
Ellers har Tiram skrive masse om sveltestreiken.

15 juni 2006

Og så var me i gang.

I dag (i går? Torsdag) forlot eg bergen. Klokka ti over fire gjekk toget i retning oslo. I morgon skal eg vidare til Hamar på Toneheim eitårstreff (orkar ikkje leggja inn link, då eg brukar Mari sin data og ho berre har Safari og då syns ikkje alle redigeringsknappane).

Uansett.
Før eg sette meg på toget måtte eg ha meg litt mat, så fem på fire stilte eg meg i kø framfor BigBite på Bystasjonen/Bergen Storsenter. Då hadde eg god tid syntes eg. Eit kvarter før toget går er jo då eg vanlegvis spring ut døra heime. To plassar framfor meg i køa stod det ein mann som hadde frykteleg dårleg tid. Visstnok. Han skulle nemleg rekka eit tog.
Han styrte og maste verre. Kvart tredje sekund sa han ting som "Kan dere ikke skynde dere, jeg har så dårlig tid. Jeg må nå et tog." til dei stakars jentene på BigBite.

Me andre tenkte vårt. Det er jo eit kjent faktum at ting ikkje akkurat går fortare når ein er nøydd til å svara på dumme kommentarar frå kundar tredjekvart sekund. Eg må innrøma at eg syntes mannen var frykteleg uhøfleg der han stod og masa ustoppeleg på dei ansette som openberret gjorde sitt beste. At det er lang kø er det liksom ikkje så mykje å gjera med.

Det verste var likevel at manne skulle med det same toget som meg, og faktisk ikkje hadde dårleg tid i det heile teke. Eg gissar at nokon kjem til å få hjarteproblen i ung alder...

Bortsett frå mannen i køen gjekk turen min finfint. Alle var blide og glade. Dei to fjortisjentene bak meg var kanskje i overkant blide og glade, men det gjer ikkje noko. Ein har då iPod.

I morgon fortset ferda til Hamar.
Føl med.

Eg er ikkje så god på å skriva dagbokblogg merkar eg. jaja, det kjem seg nok etter kvart skal de sjå ;)
Øvelse gjer mester og sånt.