Guri på tur

Out and about in... China!

10 august 2006

Overskrift?

Sjølv om eg er heime igjen er det ingen grunn til å slutta å følgja med på reisebloggen min. I November skal eg nemleg til Peru (jepp, billettane har vore kjøpte og betalte ei god stund no), dessutan har eg ein del bilete og små anekdotar frå interrailturen min eg tenkte eg skulle dela med dykk etter kvart.
Kanskje vert det til og med litt kvasipolitikk som passar betre inn her enn i den andre bloggen min?
Den som føl med får sjå...

07 august 2006

Dei siste dagane

No er det ei stund sidan eg har posta noko.
Det har fleire grunnar. Ein av dei er bananfluger...

Uansett.
I kjend stil for denne bloggen burde eg vel oppsummera dei siste dagane av turen min. Så her kjem det(i og med at det er så lenge sidan eg kom heim tek eg berre med det mest vesentlege).

Dei siste dagane var det på ingen måte like varmt som det hadde vore tidlegare, ikkje for det, me fraus ikkje. For å sei det slik.
Dette gjorde at det faktisk var mogeleg å sjå seg litt rundt. Blant anna såg eg den jødiske gravplassen, ein heil del synagoger og ei veldig fancy kyrkje (st. nicolai?????). Alt dette hadde eg jo tenkt å sjå tidlegare, men det var for varmt.

Av dei tinga eg såg vil eg anbefala den jødiske gravplassen særskilt. Til trass for at ein kan koma til å gå rundt (i dei oppmerkte løypene) i kø, er det veldig fint og veldig annarleis frå dei fleste andre gravplassar. Etter kvart som det hadde vorte fult på gravplassen hadde dei berre fylt på med ny jord, laga fleire lag, og flytta gravsteinane opp. Resultatet; veldig mange gravsteinar på veldig liten plass. Ganske sjarmerande.
For dei som eventuelt har jødiske slektingar frå Tsjekkia kan det og nemast at det fins ei gamal synagoge ved gravplassen som er gjort om til minnesmerke for alle jødane frå området rundt Praha som omkom i konsentrasjonsleirar.

Ellers var eg på ein heilt ok kyrkjekonsert på Laurdagen. Sopranen var ganske talentfull/dyktig, men openberret ikkje heilt trygg på seg sjølv. Mogeleg det berre var eg som la merke til det, sidan eg jo syng sjølv. Uansett var det ein ganske bra konsert.

På kvelden skulle eg ut med to danskar og (endå ei) jente frå australia som budde på rommet mitt. Me skulle liksom på ein utestad som den eine dansken sto på gjestelista til, for han jobba på ein eller annan hipt og kul utestad i københavn. Han sto visst ikkje på gjestelista likevel, så då enda me opp på ein annan utestad. Det var, vel, ein utestad. Dei spelte musikk som var kul på nittitalet/åttitalet, og ikkje nødvendigvis den beste, men det var jo gøy likevel.

På søndagen var eg på "Don Giovanni" (don Juan) av Mozart på kvelden. Den var veldig bra. Sopranen som spelte Donna Elvira var heilt strålande, og det var og interessant å sjå "Zerlina"-rollen i levande live, i og med at eg syng ein del songar frå den.
Heldigvis (for meg) var songane på italiensk og ikkje tsjekkisk, så eg forstod i alle fal ein del av det dei "sa". Eg kjenne jo historia, men det er jo likevel kjekt å få med seg "dialogen".

På mandagen to eg t-bane og rutebuss til flyplassen og flyet til oslo. Der fekk eg mat og underhalding til eg hoppa på nattoget til bergen.

På tysdagen var nattoget i bergen i sjutida om morgonen. Klokka halv ni om morgonen var eg på jobb... Det var ikkje eigentleg den mest effektive dagen i min kariere. Mest pga tekniske problem då (faktisk).

Så, over til bananfluger.
Eg likar absolutt ikkje bananfluger. Eg er generelt ikkje veldig glad i insekt, og særskilt ikkje innandørs. Nokre dagar før eg kom heim hadde min kjære, nye "sambuar" (sånn "flatmate", veit de) reist for å halda teaterverkstad på SU sin sommarleir. Ho hadde gløymt igjen ein halv banan på kjøkenet. Resultat? Bananfluger. I hopetal. (For ikkje å snakka om dei uidentifiserte, daude, flygedyra i vindaugskarmen på rommet mitt. Men dei kan vel ikkje skuldast på halve bananer.)

Så dei siste dagane har eg altså kjempa ein innbitt kamp mot bananfluger, og dessutan vaska på rommet mitt, vaska alle (interrail)kleda mine og vaska kjøleskåpet. Det siste berre avdi det såg ekkelt ut sidan ingen vaska det før sommaren. I tillegg har eg gjort forsøk på å vera sosial og på å sova ut etter turen. Dei to siste tinga går ikkje så godt saman.

Men no skal eg skriva nokre ord i den eigentlege bloggen min.

However.
Føl med her og i tida som kjem. Eg har ein del morosame historiar på lur.
Dessutan har eg jo ein Perutur å planleggja.