Guri på tur

Out and about in... China!

29 mai 2006

Reisetips 2

Og så var det altså på tide med meir reisetips. Til meg denne gonga og ja.

Berre at no lurar eg ikkje på kvar eg skal men kva eg skal ha med meg. Ikkje sånn heilt basic då, til og med eg skjønar jo at det er lurt å ta med reine truser, men litt meir sånne ting som er lurt å ta med men som ein kanskje ikkje tenker på. Til dømes har Signe tipsa meg om at det kan vera lurt å ha med ein liten hengelås, for det er ikkje alle oppbevaringsboksar som er utstyrt med det altid...

Dessutan lurar eg litt på dette med sko...
Eg skal jo "leva i sekk" ei stund, og i så måte hadde det vore kjekt om eg kunne greia meg med berre eit par sko så vert det litt mindre å dra på (og dessutan slik at eg har litt plass og vekt å gå på om eg skulle finna dei kulaste skoa, eller noko anna, i løpet av turen). Det set jo visse krav til skoa om komfort og kvalitet. Rett og slett ting eg veit svært lite om når det kjem til sko.
Når eg kjøper sko brukar pris og utsjånad å vera viktigast (dette er for såvidt viktig no og). Eg har tenkt at kanskje joggesko eller sandalar kan vera bra. However, det slår meg at ingen av delane vil gjera underverk for "imaget" mitt. Så då er spørsmålet mitt, veit nokon om bra, fine (gjerne svarte), ikkje altfor dyre sko som eignar seg for interrailing?
(Ikkje det nei. Tenkte meg det. Jaja. Då vert det vel det vanlege...)

Dette ligg an til å verta den mest uinteressante posten i bloggen min til no, føler eg. Vel, de får bæra over med meg.

Jupp. Dette er altså den store "ting ein treng på tur" posten min.
Neste ting på lista er digitalkamera. Dette har eg ikkje frå før (eg har berre fem filmbaserte kamera i staden liksom). Signe har sett på dette kameraet (biletet er av feil kamera og i feil farge, men de skjønar teikninga), og eg lurar på om det ikkje er tingen for meg og. Billeg men likevel nok pixlar til at bileta vert brukande. Så, er det nokon som har prøvd det før? Er det bra? Eller burde eg kjøpa eit anna?
Hm...




Eg skal reisa i den raude og den mørkast grøne sona.

1 Comments:

At 3:39 p.m., Anonymous Anonym said...

I og med at eg reiste i dag (ikkje på interrail, berre til oslo, men skal ikkje heim før eg skal på interrail) er det betryggande at eg har fått med meg det meste du nemner som viktig ;)

St. Vituskatedralen er notert :)

 

Legg inn en kommentar

<< Home