Guri på tur

Out and about in... China!

15 juni 2006

Og så var me i gang.

I dag (i går? Torsdag) forlot eg bergen. Klokka ti over fire gjekk toget i retning oslo. I morgon skal eg vidare til Hamar på Toneheim eitårstreff (orkar ikkje leggja inn link, då eg brukar Mari sin data og ho berre har Safari og då syns ikkje alle redigeringsknappane).

Uansett.
Før eg sette meg på toget måtte eg ha meg litt mat, så fem på fire stilte eg meg i kø framfor BigBite på Bystasjonen/Bergen Storsenter. Då hadde eg god tid syntes eg. Eit kvarter før toget går er jo då eg vanlegvis spring ut døra heime. To plassar framfor meg i køa stod det ein mann som hadde frykteleg dårleg tid. Visstnok. Han skulle nemleg rekka eit tog.
Han styrte og maste verre. Kvart tredje sekund sa han ting som "Kan dere ikke skynde dere, jeg har så dårlig tid. Jeg må nå et tog." til dei stakars jentene på BigBite.

Me andre tenkte vårt. Det er jo eit kjent faktum at ting ikkje akkurat går fortare når ein er nøydd til å svara på dumme kommentarar frå kundar tredjekvart sekund. Eg må innrøma at eg syntes mannen var frykteleg uhøfleg der han stod og masa ustoppeleg på dei ansette som openberret gjorde sitt beste. At det er lang kø er det liksom ikkje så mykje å gjera med.

Det verste var likevel at manne skulle med det same toget som meg, og faktisk ikkje hadde dårleg tid i det heile teke. Eg gissar at nokon kjem til å få hjarteproblen i ung alder...

Bortsett frå mannen i køen gjekk turen min finfint. Alle var blide og glade. Dei to fjortisjentene bak meg var kanskje i overkant blide og glade, men det gjer ikkje noko. Ein har då iPod.

I morgon fortset ferda til Hamar.
Føl med.

Eg er ikkje så god på å skriva dagbokblogg merkar eg. jaja, det kjem seg nok etter kvart skal de sjå ;)
Øvelse gjer mester og sånt.