Guri på tur

Out and about in... China!

19 juni 2006

Kom og sjå!

I helga har eg vore på eittårstreff på Toneheim. Me hadde det veldig kjekt og eg har vorte litt solbrent. Til trass for at eg brukar solfaktor 30 og helst sit i skuggen uansett. På søndagen var det nemleg eigentleg overskya, så eg tok ikkje på meg solkrem om morgonen, men så kom sola fram likevel, og då gjekk det nesten ein time til eg fekk somla meg til å ta på solkrem. Meir skulle det altså ikkje til før eg vart solbrent. Jaja. Sånn kan det gå.

Uansett. Her i oslo gjer eg på heilt andre ting enn å sitja på plenen å verta solbrent.

Mi veninne Mari og ei som heiter Berit har starta ein kulturstafett til støtte for dei sveltestreikande Afghanarane og i dag skal eg synga på den. Så møt opp klokka 19.00 ved domkyrkja (i Oslo) alle saman!

Du kan skriva under på oppropet mot utsending her og besøka den offesielle nettsida her.
Ellers har Tiram skrive masse om sveltestreiken.