Guri på tur

Out and about in... China!

26 juni 2006

Oppsummering av veka som har gått

eller noko slikt...

Som kjent har eg tilbrakt den forrige veka på Skeive dagar (stort sett), og her er noko av det eg har gjort.

På tysdag, onsdag og torsdag jobba eg som frivillig på skeive dagar for å få gratis festivalpass. På tysdagen og onsdagen rigga eg scene. Det tok si tid.

På tysdagen var det meninga at me skulle byggja sjølva scena (tak, vegger, golv og så vidare), dette skulle me vera ferdig med til ca klokka 18.00. Det var me ikkje. Me var ferdige sånn rundt klokka 23.30. Sjølvsagt hadde me lov å gå etter at klokka vart 18.00, men slikt har jo ikkje eg samvit til. Uansett var det hyggelege folk å jobba med og dessutan fekk me peppes pizza to gonger, og gratis mat er jo aldri å forakta. Forøvrig var det opphaldsvær på tysdagen (kvifor eg nemner det skjønar de seinare).

På onsdagen skulle me rigga lyd og ljos. Det var jo forsåvidt greit. Problemet var berre at i motsetnad til på tysdag var det ikkje opphaldsvær, tvert imot hølja det ned verre. Det regna "kattar og hundar". Bortover! Eg har aldri sett så dårleg vær i oslo før. Jaja.

På torsdag var eg ryddevakt frå 12.00 til 18.30. Det var høljregn og storm den dagen og. Det førte jo til at det ikkje kom så mange folk eg kunne rydda opp etter, derimot fekk eg hendene fulle med å sikra sånn partytelt som det var stands og sånn inni. Til trass for betonglodd fauk dei avgarde for eit godt ord...
Då eg var ferdig med vakta mi skulle eg møta ei veninne... før eg kunne gjera det måtte eg gå på H&M og kjøpa nye sokkar. Dei gamle gjekk det an å vri opp... Trur kanskje folk på Elm syntes eg var litt rar der eg kom inn klissvåt, gjekk rett inn på doen og kom ut igjen barbeint. Jaja.

På laurdag var den store paraden under Skeive Dager. Eg trur ikkje eg skal skriva om den, berre nøya meg med å leggja ut eit par av mine eigne bilete og å linka til bileta gaysir.no tok.



Søndag var den store familiedagen. Eigentleg skulle eg og eit par syskenbarn i frognerbadet, men sidan det regna då og (etter å ha vore fint på laurdag) endte me opp på tøyenbadet i staden. Det er jo fint der og. Me likna litt på rosiner etter å ha vore der i nokre timar, trur eg.
Etter badinga var det grillings. Sidan eg er veggis fekk eg fisk. Onkelen min har ikkje grilla fisk før. Bra ikkje all fisken datt gjenom rista seier berre eg ;) Etter middag var me på kino og såg "the Shaggy Dog" ein nyversjon av ein Disneys fyrste ikkje animerte film. Den var jo grei nok den, fin moral og litt i overkant urealistisk "dei gode sigrar til slutt" avslutning. men morosam og absolutt underhaldande.
Etter familiehenging i stor stil brukte eg dei neste tre timane på å ta dårleg krresponderande kollektivtransport from og tilbake og rundt om kring. Men det var ikkje eigentleg underhaldande, berre irriterande, så det skal de sleppa å lesa om.

I dag skal eg og Tale vidare til London. Meir om det seinare. So long.

(Nettet her tok så lang tid, så det vert diverre med dei eine biletet. Synd, men slik er det.

2 Comments:

At 5:35 a.m., Blogger lotten said...

God tur videre, Guri!
Og si fra hvis du dukker opp i by`n igjen;)
Øl, øl!

 
At 10:53 a.m., Anonymous Anonym said...

Takk, takk :)
Skal eg gjera. Har visst lova diverse folk at eg skal til oslo i August...
ha ein fin sommar :)

 

Legg inn en kommentar

<< Home