Guri på tur

Out and about in... China!

28 juni 2006

London

Saa har endeleg eg og Tale kome oss til London, og ikkje nok med det, me har kome oss til ein internettcafe.

Me kom til London med eit "litt" forsinka fly paa soendag, nei, no tullar eg, mandag. Etter ganske lite (inponerande lite faktsik) om og men fann me fram til hostellet og oppdaga at me fekk 8 persons rom i staden for 12 personsrom, slik som me hadde betalt for. Jippi! Folka paa rommet var hyggelege, og eit par av dei bur der faktisk framleis. Blant anna to Tyske jenter. I gaar kveld flytta det inn ein Canadisk fyr paa rommet som reiser aleina, saa han har og vorte "adoptert" av gjengen.

Hostellet ligg rett ved British Museum og er 5 min (max) gaatur fraa Oxford Street.

I gaar var eg og Tale paa British Tate, og saa gjekk me langs Themsen og over "the wibbely-wobbely bridge" (anar ikkje kva den eigentleg heiter) til st. Pauls. Om kvelden var med ut og aat med folka fraa hostellet.

I dag hadde me tenkt aa gaa paa Salvador Dali utstilling, men den kosta pengar, saa det droppa me. I staden gjekk me i Hyde Park, HMV megastore og ned Oxford Street til Marble Arch. Me proevde aa gaa inn i nokre butikkar paa Oxford Sreet, men det var saa mange folk der at me gav opp. (Apropos HMV, kan nokon av soeskenene mine sei meg om de har det nyaste Need for Speed spelet?)

Seinare i dag skal me finna oss ein stad aa eta middag, etter det skal me kanskje paa konsert paa ein rockeplass den canadiske fyren meinte var bra.

I morgon trur eg at eg skal paa Tate Modern og kanskje nationalgalleriet, om kvelden skal eg sjaa ein musical, kanskje Les miserables, for den har eg ikkje sett, eller saa skal eg paa ein konser paa Camden. Paa fredag skal eg paa Camden market og kanskje paa musical om eg ikkje gaar i morgon. Paa laurdag er Europrideparaden, saa daa skal eg antan gaa i den eller sjaa paa den. Paa soendag reiser me til Budapest. Foer den tid maa eg faa vaska nokon klede...

Litt sveitt internettcafe-i-London helsing fraa Guri

2 Comments:

At 12:07 a.m., Blogger Mari said...

Eg liker reiseblogg-konseptet, eg blir passe misunneleg. Eg og vil til London. Kanskje eg kan fly frå Berlin til London? Det burde jo vera billige billettar å få tak i.

 
At 3:24 a.m., Anonymous Anonym said...

Hehe.
Du faar laga deg in reiseblogg du og daa ;)
No er e i Budapest, skal skriva meir om det i kveld trur eg..

 

Legg inn en kommentar

<< Home