Guri på tur

Out and about in... China!

03 juli 2006

Budapest

I gaar hadde eg og Tale siste dag i London. Om morgonen var me saa vidt innom British Museum (for tredje gong for min del, eg har ein lei tendens til aa koma inn ein time foer stengetid), foer me moettes paa hostellet for aa henta bagasjen og reisa til flyplassen klokka tolv.

Me skulle ta bussen fraa Victoria station til Luthon. Me maatte leita litt foer me fann busstasjonen paa Victoria, men naar me endeleg fann den gjekk flybussen etter berre eit kvarter. Bussen til Luthon tok minst ein og ein halv time, det var trong og doedsvarmt, men Tale sov. Det gjorde ikkje eg... Flyet skulle gaa fraa Luthon klokka 16.20, det gjorde det ikkje, men det var ikkje veldig forsinka. Litt foer klokka 20 (ungarnsk tid) kom me til Budapest der besteforeldra til Tale henta oss paa flyplassen.

Eg har vorten forkjoela, saa i og med at eg var tett i bihulene daa flyet letta og landa var eg nesten doev daa me landa i Budapest. Det gjekk heldigvis ganske fort over. Note to self: ikkje ta fly med tett bihuler. Det gjer vondt.

I dag har eg og tale vore paa turistinformasjonen og faat brojyrer med konsertovesikar og slikt (mest for Tale sin del, og paa ein notebutikk. dei hadde doedsbillige notar. Dei var mykje billigare enn dei andre butikkane eg har vore paa her i Budapest (dei hadde blant anna Johannespasjonen for ca 80-90,- norske kroner, Peters Edition). Eg kjoepte ingenting i dag, men skal nok innom seinare og kjoepa noko. Etter dette tok me ein stolheis opp paa ein bakketopp og saa gjekk me opp i eit kjempefint utsiktstorn (bilete kjem naar eg kjem heim att). Saa reiste me heim igjen til besteforeldra hennar og aat lunsj/middag.

Besteforeldra til Tale er kjempehyggelege og gjestfrie, og i dag har til og med bestemora hennar vaska alle dei skitne kleda vaare. Dei bur oppi ein aas/bakke utanfor byen med kjempefin utsikt over Budapest.

I morgon eller paa torsdag vil eg i eit bad, dessutan er det eit kunstmuseum bestemora til Tale snakka om eg har lyst til aa sjaa. Og saa har eg lyst aa berre gaa litt rundt i byen og sjaa.

Dei siste dagane i London:
Paa torsdagen var me paa Tate moden og saa gjekk me til Buckingham Palace og parken rundt. Om kvelden var eg paa Les Miserables og Tale gjekk paa Dancing in the Streets. Eg var veldig fornoeygd med Les Miserables, den var blant dei beste musikalane eg har sett "live".

Paa fredagen var me paa Camden der me, eller i alle fall eg, brukte alfor mykje penga. Eg brukt nesten 100,- pund (i alle fall i loepet av heile dagen). Eg kjoepte eit korsett (det var det som kosta mest) eit skoert og ein del smaating. Omkvelden varme og aat indisk. Det var kanskje godt, eg veit ikkje, for innan den tid hadde eg vorte forkjoela og kunne ikkje smaka noko.

Paa laurdagen var me fyrst paa Virgin og HMV megastorene, der Tale gjekk bananas og eg noeydde meg med aa kjoepa "Need for Speed, Most Wanted" til soeskenene mine og "Corps Bride" til meg sjoelv. Begge deler var kjempebillige, for det var sal. Etter det saag me/gjekk me i europrideparaden, som var kjempelang, men som hadde skuffande faa kule flaatar.

Paa soendag reiste me som sagt hit.

Uansett. Av og til lurar eg litt paa om alt er som det skal med telefonen min. Naar eg har proevd aa ringa til veninna mi i Ungarn kjem det berre ei saann dum melding, det gjorde det naar eg proevde aa ringa til den eine soestera mi og. Dessutan faar eg nesten aldri svar paa meldingane eg sender. Men paa den andre sida fekk eg ein telefon fraa ein kamerat i dag tidleg, og eg veit at i alle fall mamma faar meldingane mine... Jaja.

Litt forkjoela helsing fraa Budapest.

3 Comments:

At 4:37 p.m., Anonymous Anonym said...

Hoppsiheisann! Flott å lesa at du har det bra. Eg har alltid lyst til å vera på alle stader der eg les at folk har vore/er, så akkurat no har eg lyst til å vera både i London og i Budapest. På ein gong! Men så tenkjer eg meg om, og finn ut at det er ganske stas å vera i Lima òg. Skal ikkje klage.

Eg har same smertelige erfaring som deg med tette biholer og fly. Eit lite tips dersom ein må opp i lufta utan å kunne puste med nasa er å ha med seg minst to ulike typar nasespray. Det lettar litt på trykket inne i hovudet.

Prøv å trykk ctrl + 134 (trur eg) neste gong du skriv på framand tastatur, så skal du sjå noko fantastisk. Prøv deg litt fram, så finn du fort dei to andre bokstavane òg. Dei minnest eg ikkje i farta.

Bueno. Que tengas un viaje muy chevere y cuidate.

 
At 3:39 p.m., Anonymous Anonym said...

Hoppsideisi!
Flott á lesa at du fár lyst á vera der eg er av á lesa det eg skriv, det tyder jo pá at det ikkje er heilt drepande keisamt ;)

Hehe, skal ta med őrti nasesprayar dersom eg má ta fly med tett biholer igjen.

Det med ctrl og div tal funka ikkje heilt, men det gjekk opp for meg at eg er i ungarn, sá eg kan jo berre bruka dei lokale bokstavane som liknar mest. Derav á og ő :)

 
At 1:34 a.m., Anonymous Anonym said...

Budapest var fint ja :)

Les Miserables var veldig bra, og eg er jo litt svak for slike revolusjonaere historiar...

Haha. No maa det jo inrommast at eg for det meste har vore paa stader det staar om i sommarferiebrosjyrene.

 

Legg inn en kommentar

<< Home