Guri på tur

Out and about in... China!

06 november 2006

Brisas del titicaca og hovudskallar

Fyrst av alt må eg berre sei at eg er *litt* språkforvirra for tida (engelsk, norsk/svensk, og tysk + å liksom skulla læra spansk på ei gong), så det er mogeleg eg skriv litt rart.

På fredag var eg på "folkedans/folkemusikkshow" med Brisas del Titicaca. Det var litt som ei blanding av danseshow og norsk dansegalla (les: mest folk over tretti).

Av og til hadde dansarane meir eller mindre tradisjonelle klede, av og til hadde dei "gallaantrekk", men for det meste hadde dei kvinnelege dansarane kjempekorte kjolar og mennene stor kostyme.. Kan leggja ut bilete for å illustrera når eg kjem heim.

Sidan Signe var på tur og hadde forlete meg aleine i Lima var eg på brisas del Titicaca med ei tysk veninne av ho, ei norsk jente frå stord, ein tysk gut på ferie + diverse kjærastar og peruanske studentar. Ein av dei sistnemnde var overbevist om at det gjekk an å læra meg å dansa salsa. Haha. Men morosmat hadde me det. Dei som såg på hadde det sikkert endå meir morosamt.

På laurdag var eg i (på?) San Fransisco, som er eit kloster/ei kyrkje med veldig kjende katakomber. Det var den kulaste "turistgreia" eg har vore i til no. Klosteret og kyrkja var veldig fine, med masse bilete og mosaikk på veggane, biblioteket såg ut som det var teke rett ut av "Harry Potter" og katakombane var heilt fantastiske. Det var "brønnar" (eigentleg laga for å stabilisera i samanheng med jorskjelv) fulle av knoklar, alt lagt i sirlege mønster.
Ja, eg har kanskje ein litt over gjenomsnittet facinasjon for hovudskallar.
Diverre var det ikkje lov å ta bilete inne, då blitsen kan (på sikt) øydeleggja ein del av matrialane. Ikkje hadde dei så veldig kule postkort heller. *sukk*

I dag reiser me til Cusco (byen nærast Machu Pichu). Derettter til Puno som ligg ved Titicacasjøen.

Alt i alt likar eg Peru godt, til og med Lima, som Signe driv og påstår er ein keisam by. Det einaste eg har litt "problem" med er doane, ikkje form av magetrøbbel, men i form av at det er så mykje vatn i dei. Kvar gong eg (Signe påstår dette ikkje hender ho) prøver å bæsja vert det eit stort plask slik at eg vert våt på heile rompa, uansett korleis eg sit på doen. Æsj. (Dette går vel inn i kategorien "ting folk eigentleg ikkje ville vita". Jaja.)

No skal eg få meg litt mat før me reiser.

3 Comments:

At 7:22 a.m., Anonymous Anonym said...

Hei Guri, og du har det bra?Her alt regn og grått, men ellers kjekt og hektisk. KOmpani Rouge skal jo ha visning på Krystall natten, og jeg tenkte at jeg skulle poste noe om det på bloggen vår, men hvordan gjør jeg det?
kan gi meg en kjapp guide på hvordan jeg kan posten noe på KOmpani Rouge blogg? M.v.h Anna

 
At 9:22 a.m., Anonymous Anonym said...

jeg vil også være i varmen

erik

 
At 11:36 a.m., Blogger Guri said...

Hei anna!
Eg har det fint, paa 3000 meter oh.

Du loggar inn, slik som sunniva sa i sin e-post. Daa kjem du inn paa noko som heiter "dashboard". Der klikkar du paa det groene krysset (create new). Saa skriv du det du vil skriva, trykker paa "publish post" og saa paa republish. Saa gaar du inn paa sida og sjekkar at det du skreiv faktisk kom opp :)

Lukke til :D

Erik: Altsaa, eg er som sagt paa 3000moh og har paa meg ullgensar, palestinaskjerf og jakke. Men det er ikkje veldig kaldt ;)

 

Legg inn en kommentar

<< Home