Guri på tur

Out and about in... China!

28 juli 2006

Ikkje for aa klaga altsaa

men det er veldig varmt her.
Det er litt paa det stadiet at eg vert svimmel utan at eg er dehydrert. Eg fungerar rett og slett ikkje mellom klokka 12 og 18, det er for varmt. Saann bortsett fraa det er det fint her.

Eg endte opp med aa ikkje reisa til Cesky Krumlov paa torsdag. Det viste seg nemleg at det var ein tre timars togtur kvar veg, det burde eg jo ha skjoent i utgangspunktet, men. Saa daa bestemte eg meg for at eg kunne dra dit i dag og vera der til i morgon for saa aa dra tilbake til Praha (eg maa tilbake hit, for flyet mitt gaar herfraa paa mandag, her skulle det ha vore ein slutt paa parentes, men nokon har hatt det goey med aa endra paa settinga paa tastaturet, saa eg faar ikkje til aa laga det. Diverre viste det seg at alle hostella i Cesky Krumlov var fulle, baade i dag og i morgon, saa det maatte eg og avlysa. Saa no er eg "stuck" i Praha.

Det tydar at eg faar ei heil veke her. Eigentleg skulle eg ha kome seint paa den 26, men sidan eg var sjuk vart det ikkje slik, saa daa kom eg tidleg den 25 i staden, og saa skulle eg til cesky krumlov, men det gjekk ikkje. Men fint her altsaa.

Uansett. Dei to siste dagane har eg vore aa sosa rundt og gjort litt turisting men mest sote i diverse parkar, pga varmen, saman med tre austaliarar eg moette paa hostelet.

I dag ville eg sjaa det joediske kvartalet og den joediske kyrkjgaarden og slikt, men det er for varmt, saa eg maatte berre roema tilbake til hostellet. No skal eg loka paa internett og sova til det vert kjoelig nok til at eg kan fungera igjen. Forhaapentleg vert det kjoeligare i morgon, for det er eit par ting her eg har veldig lyst til aa sjaa, men eg orkar/kan ikkje i denne varmen. Eg er veldig foelsom for varme...

Ein kveld har eg tenkt aa sjaa Don Giovanni av Mozart, eigentleg ville eg i kveld, sidan eg ikkje kunne reisa til cesky krumlov, men datan paa bilettkontoret doede paa seg, saa det gjekk ikkje.

Ganske sveitt og litt oppgoven helsing fraa eit veldig varmt Praha.

2 Comments:

At 9:25 a.m., Blogger Mari said...

Det er lov å klaga når det er varmt, eg har ikkje gjort anna i sommar. Du er grueleg kul som reiser rundt og møter folk og er globetrottar frå Voss.

 
At 4:39 a.m., Anonymous Anonym said...

Bra det ikkje berre er meg daa...

Jupp, eg rockar vilt (bokstaveleg tala).

 

Legg inn en kommentar

<< Home