Guri på tur

Out and about in... China!

11 juli 2006

Brela

Saa vart eg altsaa to netter til i Split.

I natt sov eg paa eit heilt kurant hostel som heitte Al's Place. Natta foer leige eg eit rom av ei gamal dame. Det var veldig lite kurant.

Hjaa den gamle dama var det ikkje varmt vatn i dusjen (sjoelv om ho paasto det), ho bytte ikkje paa sengene (urk, og takk og lov for at eg har med meg sovepose) og dessutan var det dyrare enn ho sa det skulle vera for naar eg betalte "hadde ho ikkje vekslepengar, saa eg skulle faa dei neste dag". Yeah, right. Ikkje kunne ho engelsk eller tysk heller. Det trur eg eigentleg ikkje noko paa, for om ein lever a aa leiga ut senger til turistar maa ei jo i alle fall greia aa plukka opp litt etter kvart. Eg har jo berre vore i Kroatia sidan fredag, og eg har jo laert me alle dei vanlegaste hoeflegheitsfrasene og skjoenar tala i alle fall opp til ti...

Det einaste som var bra var at eg moette ei Australsk jente der som heller ikkje var fornoeygd. Ho og reiser aleine, saa me har hengt saman sidan daa. Eller, fram til i dag. I dag reiste ho til Zadar og eg skal til Zagreb med nattoget i dag.

Uansett, moralen er, ikkje stol paa dei gamle damene som ikkje snakkar engelsk, dei berre lurar deg. Hald deg til folk som snakkar spraak du forstaar, daa har du saa mykje meir du skulle ha sagt og alt vert veldig mykje lettare. Det er uansett billigare med hostel (grunnen til at eg ikkje budde paa hostelet med ei gong var at eg ikkje vissta at det fanst).

Jaja. Nok syting.
I gaar var eg og den australske jenta paa ein dagstur til ein stad som heitar Brela. Det er ca ein times busstur fraa Split, paa vegen til Dubrovnik. Der har dei heilt utruleg bra (grus)strender, mange kilometer visstnok (iflg. Lonley Planet). Vatnet er superklart og akkurat passeleg varmt. Det er litt mange turistar der, men om ein gaar eit stykke vekk fraa sentrum og alle hotella gaar det eigentleg greit. Brela var heilt fantastisk. Anbefalast.

Etter at me hadde vore i Brela stressa me tilbake til Split for aa faa rom paa hostellet (me hadde snakka med dei i telefonen foer paa dagen). Me maatte vera der foer halv sju, det greide me sjoelvsagt ikkje, men folka paa hostellet, som verkeleg var vaare reddande englar i gaar, venta paa oss likevel. Paa hostellet fekk me ordentlege senger, det var reint og fint, og nok av varmt vatn i dusje. Det fanst og kjoekken og vaksemaskin og saant, men det fekk ikkje me brukt sidan me berre skulle vera der ei natt.

Om kvelden fekk me eit tips fra nokon lokale om kvar me burde eta. Staden viste seg aa vera goeymd vekk i ei bakgate, men mate var baade billigare og betre enn paa turiststadane. Eg gidd ikkje forklara kvar det var, men om nokon skal til Split og er interesserte kan e sikkert forklara seinare...

No skal eg booke hostelrom i Zagreb.

Ha ein fin dag alle saman :)