Guri på tur

Out and about in... China!

09 juli 2006

Split

Saa har eg endeleg greid aa dra meg til kysten.

Klokka 15.15 paa Torsdag gjekk toget fraa Budapest. Toget skulle fyrst til Zagreb, saa vidare til Split. I teorien skulle toget vera i Zagreb rundt halv ti om kvelden, og i Split klokka halv sju om morgonen. Slik skulle det ikkje gaa. Rundt tolv var toget i Zagreb og klokka ni om morgonen paa fredag var toget i Split.

Paa toget moette eg tre hyggelege australske jenter som skulle vidare til Dubrovnik, og fire norske gutar. I split slo eg meg saman med dei norske gutane, og saa leigde me ei leiligheit. Det er liksom litt billigare aa bu naar ein er mange. Saa no har eg altsaa budd saman med fire 19 aar gamle norske gutar i to netter. Sitat: " gaar det bra aa vaske denne roede skjorta paa seksti grader?". Det gjorde eigentleg ikkje det...

Etter at me hadde funne ein stad aa bu paa fredag reiste me paa eit "strand" (heiter det strand naar det er saann bryggegreier?). For aa koma dit maatte me ta ein utruleg skranglete lokalbuss. Likse spanande aa sjaa om den kom i gang igjen kvar gong den stoppa i ein bakke, men det gjekk bra.

Me blei paa stranda heile dagen. Vatnet her er utruleg salt. Ein treng nesten ikkje bevega seg for aa flyta. Saann for mamma sin del kan eg jo nemna at eg har faatt endaa meir farge. No ser eg jo snart normal ut. I alle fall for aa vera norsk.

I gaar var me og paa stranda heile dagen. Den einaste forskjelle var at daa var mee paa ei anna strand som baade var finare og naerare byen. Dit skal eg i dag og. Om kvelde skulle me ut paa in utestad som dama paa turistinformasjonen anbefalte. For aa koma oss dit maatte me gaa kjempelangt. Gjennom heile byen og masse boligstroek. Men me fann fram. Mykje grunna mi store tru paa aa stoppa i tide og utide aa spoerja om vegen. Utestaden viste seg aa vera heilt usansynleg fancy. Det var straaparasollar og doedsmange barer, og eit basseng som ikkje var til aa bada i. Litt slik som eg innbillar meg at alle utestadane er paa saanne partysydenstader. Ikkje heilt meg med andre ord, men det er jo goey aa ha sett det...

I dag reiste dei norske gutane vudare til dubrovnik, men eg foelte ikkje at eg var heilt ferdig med split, saa eg vart igjen her. Saa no sit eg her aa lurar paa om eg skal bli her ein eller to dagar til, og om eg skal til dubrovnik, ei oey utanfor split eller til zagreb etterpaa. Baade ei oey og dubrovnik kostar ekstra pengar i og med at det ikkje gaar tog dit.

For oevrig kan eg melda at Faust vart utsett paa ibestemt tid, saa eg maa ikkje tilbake til budapest, sjoelv om det sikkert er den lettaste vegen herfraa til wien (som eg jo og skal onnom). Saa no fekk eg plutseleg eit mykje lausare program paa turen min.

No maa eg sjekka nettbanken foer tida mi renn ut her paa internettkafeen. Tastatura her er endaa verre enn dei i Ungarn, saa ting tar tid...

To bee continued.