Guri på tur

Out and about in... China!

05 juli 2006

Palatinus

I Budapest har dei mange tyrkiske bad.
Pá den tida Romerriket var stort fann romerane varme kjelder i Budapest, og mange mange ár etter, dá ungarn var under tyrkia bygde tyrkerane bad rundt desse. Nokre av desse bada eksisterar framleis den dag i dag, om enn ikkje i akurat same form som dá. Mest kjend av desse er Gellertbadet, det har eg aldri vore i. Tidlegare har eg vore i eit bad som byrja pá S, som eg kan sei namnet pá, men ikkje stava, og i dag har e og Tale brukt dagen pá á vera barn i eit tredje, som heiter Paletinus.

Begge bada eg har vore i er veldig fine og verdt eit besők. Det pá S (som faktisk heiter Széchenyi, eg kom pá at det heiter det same som t-banestasjonen det ligg ved, og eg har dá eit kart) er ganske spa-aktig og det er mest folk i "vaksen" alder og oppover der. Altsá ganske fint om ein vil slappa av og "lada batteria", dessutan er dei kjende for at dei har eit (visstnok) bra masasjetilbod (i főlgje div. folk pá folkehőgskulen min stemmer dette).

Palatinusbadet som eg og Tale var pá i dag har eit noko meir barnevenleg image. Dei har bőlgjebasseng og vannskiler, og dessutan eit stort gőntomráde med mange serveringstadar som eignar seg godt om ein har tenkt á bruka dagen der. Noko eg og Tale gjorde. Badet ligg midt pá Margitőya, som er ei őy i Donau og ein einaste stor park. Eigentleg hadde me tenkt á vera i badet nokre timar, sá gá rundt pá Margitőya og til slutt gá ein tur i byen for á kjőpa notar og ta bilete av kyr (Ja, kyr. De skjőnar snart kva eg meinar). Slik skulle det ikkje gá. Me hadde det sá fint og behageleg i badet at me likegodt vart der til stengetid klokka sju. Dá var det om lag sju timar sidan me kom. Dá hadde me prővd alle vannskliene, nesten drukna (neidá, ikkje eigentleg) i bőlgjebassenget og testa ut alle bobledingsane i alle dei meir eller mindre veldig varme bassenga. Dessutan hadde me ete tradisjonell ungarnsk junkfood og sove i skugjen.

For saerskilt interesserte (mamma og syskena mine) kan eg informera om at eg til og med har fátt litt farge. Eit aldri sá lite bikiniskilje faktisk. Til trass for iherdig bruk av solfaktor tretti.

Főr me gjekk pá trikken heim igjen stoppa me og tok bilete av oss og dei fancy damene som hang pá brupilarane. Eg og Tale har blitt ganske sá drevne pá á vera turistar etter kvart, sá me har massevis av fine bilete som kan leggjast ut pá internett eller sendast til intetanande slektingar i hytt og pine.

I gár var eg og Tale i byen. Fyrst var me i nationalgalleriet, der eg ság ei utsilling om Ungarns nyare historie og Tale ság, vel, eit eller anna. Utstillinga eg ság var ganske bra, men det mest imponerande er at uansett kva det var eit rom handla om greida dei á lura inn ei dokke eller fem med tidsriktige klede. Faktisk ganske inspirerande.

Etter at me hadde vore i Nationalgalleriet gjekk me til ein turistimformasjon for á fá oss ordentlege kart. Litt avdi me berre hadde eit veldig mini eit, men mest avdi eg ikkje heilt stolar pá dette med Tale og retningsans og kart og sánt. Erfaringsmassig er det lurt á halda eit lite auga pá kvar me er sjőlv. No er jo ikkje Budapest den stőrste og mest kompliserte byen, men likevel. Pá vegen tok me bilete av litt meir enn ti kyr.

Kyr? I Budapest? Ja, du las rett. Ikkje sánne ordentlege NRFkyr eller noko slikt dá. Det págár nemleg eit eller anna kunstprosjekt i Budapest for tida som gár ut pá á plasera ulike (plastk)kyr i ulike former, fargar og mőnster rundt om kring. I főlgje bestefaren til Tale er det om lag 50 av dei. Ganske kult eigentleg. Eg har prővd á ta bilete av alle eg har sett. Skulle eigentelg ta fleire bilete i dag, men sá langt kom eg aldri. Eg skal leggja ut dei bilete eg har teke til no nár eg kjem heim ( ei gong etter 1. august altsá).

I morgon forlet eg Tale og besteforeldra hennar i Budapest og vender nasen min (endá) lenger sőrover. Naerare bestemt til Split i Kroatia. Toget gár frá Budapest klokka 15.15 og er framme i Split morgonen etter, i alle fall om det som stár pá internett stemmer. For gár det i alle fall ikkje.

Á forlata Budapest kunne ha vore veldig trist, i og med at eg ikkje főler eg har fátt sett alt eg ville/burde sjá (gjer ein nokon sinne det?). Men! Eg kjem attende. Den 13.-15. juli skal eg attende hit for á sjá Faust pá utescena pá Margitőya med Tale & Co den 14. juli.

Uansett főler eg det er pá sinplass md litt oppsummering av Budapestopphaldet.
Budapest er ein fantastisk fin by, fint klima (i alle fall har det vore det no), fin arkitektur og dessutan er den veldig oversiktleg og inneheld mange bra og billege notebutikkar. Som om ikkje det er nok har eg vore sá heldig á fá bu hjá folk som faktisk har budd her heile live og som kjenner, byen, historia og kulturen ut og inn, og som dessutan har vist meg vanvittig mange nye og spanande mátar á bruka youghurt i mat.
Det som sjélvsagt ikkje er sá fint er at det heite tipset til Signe om korleis eg kunne f áfram aa pá tastatuert ikkje virka og at nokre bokstavar er plassert heilt andre stadar pá tastaturet her enn i noreg, td. y, z og eh, ja y og z.
Det fine, som eg har prővd ut i denne posten, er a staden for eo og aa har dei ő og á pá tastaturet, ser litt rart ut, men eg trur det funkar.

Takk for meg. No skal eg drikka te.

4 Comments:

At 11:10 a.m., Anonymous Anonym said...

Kyr. Eg kan fortelje at dei kyrne du såg i budapest er ein del av ei verdsomfattande ku-parade, som har vart i mange år. Det går ut på at ein får eit visst tal kyr som blir lagt ut for salg. Den som kjøper kyra kan velje kven som skal dekorere ho, før kyrne blir plassert på utstilling. Når utstillinga er ferdig skal kyrne seljast på auksjon, og pengane (heile summen - nix profitt til prosjektet) skal donerast til eit veldedig føremål.

Som regel er det storbyar som blir tildelt kyparade, men det finst unntak. For ein treng ikkje reise heilt til Budapest for å sjå på dekorerte kyr. Ein liten tur til Vest-Telemark eller Tinn er nok. Kven påstår at Vest-Telemark er utdatert og umoderne?

(Eg kan òg leggje til at den eine kyra i Vinje er blitt kidnappa av ein taggemilits frå Tigerstaden. Dei trugar med avliving (?) dersom ikkje kuparada i Vest-Telemark blir stoppa.)

 
At 3:02 p.m., Anonymous Anonym said...

Klikk på overskrifta så får du sjå brevet til KU(nst)motstandarane Oslos militante grafittikunstnere, og omtalen i Telemarksavisa.

Saludos de Lima

 
At 7:03 p.m., Anonymous Anonym said...

Dei gjorde det.

 
At 4:11 a.m., Anonymous Anonym said...

Huff daa... Ikkje bra.
Maa nok sei at eg generelt er mot halshogging :p

 

Legg inn en kommentar

<< Home