Guri på tur

Out and about in... China!

24 juli 2006

Wien, München og tyske sjukehus

Lenge sidan sist. Har de sakna meg? Sjoelvsagt har de det.

Grunnen til at det er saa lenge sidan sist er at eg har vore sjuk. Kjempesjuk faktisk. Saa sjuk at folka paa hostellet maatte koeyra meg til legavakta/sjukehuset paa fredagsmorgonen, men det kjem eg tilbake til.

Eg tilbrakte (forrige) mandag og tysdag i Wien. Om dagane gjorde eg turisting, saag paa kjende bygningar, sat i parken og gjorde ingenting ol. Det er saa lenge sidan at det vert ikkje dei heilt store skildringane av det no... Wien er ein fin by og alt er dyrt.

Daa eg kompaa soendagskvelden moette eg ein hyggeleg fyr som budde der og viste meg vegen til hostellet (han budde rett ved sida av). Paa mandagskvelden moette eg han igjen og han viste meg litt ikkje-turistting i Wien, f.eks ein stad der ein hadde vanvittig bra utsikt over byen og saant. Eg fekk snakka tysk, og det var fint aa for ei gongs skuld gjera noko anna enn aa henga med andre backpackarar.

Paa Tysdagskvelden var eg paa ein klassisk konsert. Dei spelte utvalde verk av Strauss og Mozart, det meste var ariar, men noko var orkesterverk. Konserten var ganske dyr (for mitt budsjett), 25,- Euro, men veldig, veldig bra. Dei hadde blant anna med songarar fraa operaen i Wien (dei hadde jo somarferie, og iom at ein ikkje vert rik av aa vera musikar er det jo kjekt aa jobba i sommarferien og).

Etter at eg hadde vore paa konserten tok eg nattoget til München. Eg kom fram til München tidleg paa morgonen paa onsdag og fekk meg ei seng paa eit hostel som heiter Euro Youth Hostel, og ser veldig tacky ut utanfraa, men det er veldig hyggeleg (eg er framleis i München, dog av andre grunnar). Saa hang eg paa hostellet og saag nyhende paa TV for fyrste gong paa ein maanad, omfg. I titida var eg med paa ein gratis Walking Tour rundt i München. Den varte i nokre timar og var veldig interessant. Me saag alle dei store turistatraksjonane og fekk litt ekstra info samtidig. Guiden var ei hyggeleg amerikansk jente som hadde reist fraa sitt 60 timarsarbeidsveke-liv i USA for aa vera tourgide i München.

Etterpaa gjekk eg tilbake til hosteletog forsov meg til avtalen eg hadde med to canadiske söstrer eg moette. Det viste seg seinare at dei og hadde sovna og forsove seg, og dessutan gaatt seg bort, saa det gjorde ikkje noko. I staden for dei to kanadiske jentene moette eg to tyske jenter og ein indonesisk fyr som planlagte brullaupet til den eine jenta og guten. Det var ganske morosamt det og.

Paa Torsdag tok eg toget til Füssen og derifraa tok eg bussen til Schwanstein (?) og saag paa det beroemte Neuschwanstein Schloss. Eg saag berre utampaa, for det var veldig dyrt (9 euro) og lang koe for aa gaa inn. Eg var veldig sliten heile dagen, og om kvelden var eg heit utslitt, desutan fekk eg diare.

Natt til fredag hadde eg masse feber og feberfantasiar og saann, og daa eg stod opp paa fredagsmorgonen var eg heilt oeydelagd. Eg skullebyta rom paa hostellet, men kunne ikkje ei gong loefta sekken min. Saa eg tok heisen ned i resepsjonen og spurde om nokon kunne hjelpa meg til legen. Folka paa hostellet koeyrde meg til sjukehuset og hjelpte meg aa finna rett stad aa henvenda meg. Paa sjukehuset fekk eg intravenoes naering og resept paa antibiotika. Hadde eg vore tysk ville legen visstnok ha heldt meg der over natta, men sidan eg var norsk ville det bli dyrt for meg, saa dei sendte meg tilbake paa hostellet. Paa hostellet brukte eg resten av dagen til aa sova. Det gjorde eg stort sett paa laurdag og. I gaar (soendag) var eg mykje betre, saa daa var eg paa Altes Phinakothek (?) i tillegg til aa sova.

I dag har eg vore paa sjukehuset for kontrol, og i no skal eg ut aa ta bileta av alt det eg ikkje tok bilete av paa onsdag. I kveld sit eg meg paa nattoget til Praha.

Dette hadde potensiale til aa bli ein baesjepost,men det har eg ikkje nok internettid til. Fellow backpackarar som veit at baesj er heilt naturleg og noko ein kan snakka om kan faa detaljar seinare...

So long.