Guri på tur

Out and about in... China!

17 juli 2006

Money, money, money

Sidan sist har eg vore i Budapest, Bratislava og Wien. Med andre ord, her gaar det fort i svingane.

Paa fredag (trur eg) tok eg eit tidelg tog fraa Zagreb til Budapest og fraa Budapest toget vidare til Bratislava. Det var ganske paafallande at med ei gong eg forlot Kroatia gjekk toga minst dobbelt saa fort.

Eg var nokre timar i Budapest og aat middag og saant, saa eg kom ikkje til Bratislava foer paa kvelden. Paa toget moette eg ein gut fraa Nord-Irland og ein fraa Irland som og skulle til Bratislava. Dei hadde ikkje skjekka kor i byen det fans hostel, saa dei var ganske glade for aa moeta meg som baade visste kvar det var o g kunne finna vegen ved aa spoerja ein fyr som ikkje snakke engelsk paa tysk. Diverre skulle irane vidare neste morgon.

Paa hostelet moette eg ei finsk jente som og reste aaleine, saa me fann ut at me kunne sosa rundt i Bratislava saman. Det passa meg eigentelg ganske bra, for ho hadde laga eit bra sjaa bratislava paa to dagar program.

Paa Laurdagen saag me gamlebyen, ein heil haug kyrkjer og massevis av museum. Dessutan saag me eit slott. Det er massevis av fin arkitektur i Bratislava, saa for ale som er interessert i slikt er det ein fin by aa reisa til.

Paa Soendagen var me paa eit elvecruise til Devin (eit stykke opp Donau fraa Bratislava. Der saag me eit veldig gamalt slott/borg. Eller ruinane av eit slott/ei borg, heiter det vel. I Devin verka telefonen min og, merkeleg nok, saa daa fekk eg svart paa eit par smsar og (telefonen min ville ikkje verka i Bratislava, den fekk inn signal, men ville ikkje kobla seg opp, rart, for den verkar alle andre stader).

Etter at me hadde vore paa elvecruise proevde me aa finna ein stad aa eta som baade hadde soendagsope OG veggismat (eg er veggis, det var den finske jenta og). Det var ikkje saa lett. Folk et ein del kjoett i austeuropa... Men me lukkast til slutt. Pizzaplass. Eg trur pizza er det eg har ete definitivt mest av paa denne turen. Det er ofte (saman med pasta) det einaste veggisalternativet.

Etterpaa reiste me tilbake til hostellet og plukka opp sakene vaare og tre haaplause skotske fyrar og tok t-banen til togstasjonen. Dei tre skotske fyrane kom samtidig med den finske jenta, men kom seg ikkje eigentleg utanfor doera paa hostellet under Bratislavaopphaldet sitt. Jaja.

Fraa bratislava tok eg toget til Wien. Dei fyrste eg moette paa daa eg kom til hostellet i gaar kveld var dei to irske gutane. Ganske festleg eigentleg. Uansett var eg saa troeytt at eg berre gjekk og la meg.

I dag har eg brukt 249,90 euro paa aa kjoepa meg nytt digitalkamera (derav overskrifta) og no ventar eg paa at bateriet skal bli opplada saan at eg kan ut i vera aa bruka det. 250 euro var eigentleg altfor dyrt, men det nye kameraet er mykje mindre og betre enn det gaml. Saa faar eg berre haapa paa at ikkje dete og vert stole...

Helsing ei veldig fattig Guri i Wien.