Guri på tur

Out and about in... China!

13 juli 2006

Zagreb, eller mitt moete med Kroatisk politi

Bloggen min er visst karekterisert som ein spamblogg. Dumme blogger.com. Det at eg ikkje skriv paa engelsk tyder jo ikkje noedvendigvis at eg skriv tull. No vart eg saa sur at eg nesten gloeymde kva eg skulle skriva.

Uansett.
Som overskrifta tydar paa har eg hatt eit par innhaldsrike (i mangel paa eit betre ord) dagar sidan sist.

Eg tok nattoget fraa Split til Zagreb, og daa eg vakna opp var eg plutseleg eit digitalkamera (med ca 60 bilete paa), 100,- NOK, 200,- kuna og 5500,- HUF fattigare. Eg sov daa eg vart rana, saa det var ikkje akkurat veldig skremmande eller dramatisk (saann i tilfelle nokon lurte), det mest irriterande er eigentleg at eg mista bileta mine. Heldigvis har eg faatt e-postadressa til alle dei eg har hengt med i det siste, saa eg kan faa dei til aa senda deira bilete. Saa daa maatte eg ta turen til politistasjonen klokka sju om morgonen.

Politiet i Kroatia er ein ganske inneffektiv affaere. Dei brukte ein og ein halv time og tre personan paa aa ta imot anmeldinga mi. Ein som spurde meg ut, ein som oversette til engelsk slik at eg skulle forstaa kva eg vart spurt om og ei som skreiv ned forklaring. Men eg fekk daa papira mine til slutt slik at eg kan senda dei til forsikringselskapet naar eg kjem heim.
Heldigvis er eg ein saann luring som oppbevarar alle verdisakene paa ulike plassar, saa tjuven fann ikkje passet, iPoden eller nokon av VISAkorta. Uansett var det ein ganske "omtenksom" tjuv, for han/ho tok verken telefonen, eller filofaxen, berre pengane inni filofaxen. Fint for meg.

Saann bortsett fraa aa bli rana har eg vorte kjent med to svenske systrer som og er paa interrail og endaa ei australsk jente som reiser aleine. Eg moette dei daa eg proevde aa sjekka inn paa eit hostel kjempetidleg paa morgonen etter at eg hadde vore paa politistasjonen. Dei proevde og aa skjekka inn, men det var visst litt for tidleg paa morgonen, saa me endte opp med frukost i parken i staden.

Hostellet me bur paa heiter Omlandski (trur eg) og i Lonley Planet kan ein lesa at "some peole say it's a dump, we prefer to call it a audiovisual challenge with maintenance issues. At least it's in the center of town." (fritt etter hukommelsen). Eg synesd faktisk ikkje det er saa ille. Litt forfallent, men baade reint og varmt vatn i dusjen. Dessutan er det grisebillig og VELDIG sentralt, saa eg skal ikkje klaga.

Etterpaa no skal eg sjaa paa "the Cathedral of the assumption of virgin mary" (mest avdi det var eit veldig kult namn, pluss nokre andre turistfeller. Dessutan maa eg ut aa kjoepa eit nytt kamera. I morgon reiser eg til Budapest for aa bli der i ei natt og saa reisa vidare til Bratislava og saa Wien. I Budapest maa eg ta nye kyrebilete, for dei gamle var sjoelvsagt paa minnekortet paa kameraet som vart stole. Grr. Jaja.

Og saa kan eg jo informera om at av alla tinga eg har heime men ikkje paa turen er det eg saknar mest vaskemaskin. Dei to siste dagane har eg vaska to skjoert i vasken (paa to ulike tidspunkt) pga fugleskit som fell fraa himmelen og liknande.

Litt sveitt helsing fraa Zagreb.

3 Comments:

At 7:21 a.m., Anonymous Anonym said...

Du må jo ikkje sove om natta, må passe på eigendelane dine. Stakkar deg, godt at forsikringen er i orden iallfall. Uansett, me er litt misunnelig på deg her me sitter på jobb og sliter med milelang postkø og andre køer. Det skal bli godt å få deg tilbake igjen. Du er djupt savna. Nå kommer overtids-pizzaen, vi snakkes. Hilsen gjengen på jobb.

 
At 4:04 a.m., Anonymous Anonym said...

Nei soving er fysj!

Postkoear ja, det vert kjekt. Haha.

Uansett. Grattis med overstaatt MT. Eg hugsa paa det(det stod i boka mi), men var paa stranda saa kunne ikkje senda mail;)

 
At 4:10 a.m., Anonymous Anonym said...

Nei soving er fysj!

Postkoear ja, det vert kjekt. Haha.

Uansett. Grattis med overstaatt MT. Eg hugsa paa det(det stod i boka mi), men var paa stranda saa kunne ikkje senda mail;)

 

Legg inn en kommentar

<< Home