Guri på tur

Out and about in... China!

02 november 2006

Lima

No er eg, som alle forstår av overskrifta, i Lima.
Her er det ca 20 grader, kaotisk og heilt vanvittig støvete.

Til no har eg ikkje gjort så mange turistting. Eg har byrja å ta spansktimar, blit kjend med ein del av Signe sine vener og sett meg litt rundt i byen.

På tysdag skulle eg hatt spansktime klokka ni om morgonen, men så vart læraren sjuk, så i staden for å ha spansk med ei gruppe kvar morgon har eg no privattimar i spansk kvar dag klokka to til fire. Ikkje så sosialt, men eg lærer då litt spansk.

Sånn ellers har ein jo bruk for pengar, så i den samanheng utstyrte eg meg med eit VISAkort (eg har to) og gjekk på minibankjakt. Å finna ein minibank var ikkje så vanskeleg, å finna ein minibank som faktisk ville gje meg pengar tok ei stund. Fyrst viste det seg at kortet eg hadde med meg framleis ikkje hadde motteke pengane eg overførde på sundag (det er då ikkje meininga at de skal ta så lang tid?), så då måtte eg gå heim att og finna det andre kortet. Når eg så hadde gjort viste det seg at minibanken faktisk var tom for soles, og berre hadde dollr. Dollar hadde eg jo allereie, så det var litt uinteressant. Så eg prøvde ein annan minibank. Den likte ikkje norske kort, så eg stilte meg i kø for ein tredje. På den byrja skjermen å blinka allereie på kunden før meg. Den var openberre ikkje så glad i seg sjølv nei. Du veit dei seier at alle gode ting er tre? Ikkje tilfelle. Uansett. Den fjerde minibanken var snill og grei, lot meg velga om eg ville den skulle snakka engelsk eller spansk, om eg ville ha soles eller dollar og om eg villa ha kvittering eller ikkje.
Hurra!
Så då kunne eg endeleg gå på butikken og kjøpa vatn.

Allhelgensdag er nasjonal fridag her, så i går vart det ingen spansktime på meg. I staden hadde eg og Signe ein skikkeleg slapp dag, me gjorde ingenting, åt middag på fiskerestaurant, og såg film, "thank you for smoking", på kvelden. Så la me oss tidleg, så no har eg endeleg fått teke igjen litt av sømnen eg mista på reisa hit.

I dag skal eg på nasjonalmuseet, så skal eg ha spansktime. Nasjonalmuseet er visstnok veldig bra, for ikkje å snakka om at det kostar to norske kroner å koma inn...
Seinare i dag reiser Signe på tur med skulen, ho vert borte til sundag.

På fredag skal eg på danse eller folkemusikk (eller begge delar) show med "las brisas de titicaca", med nokre vener av Signe.

På laurdag og sundag skal eg på tur til ei strand med ei svensk jente med vener.

På mandag legg eg og Signe ut på tur. Me skal til Cusco og Mach Pichu, til ein by ved Titicacasjøen, og til Nazca, der det er slike store figurar på bakken ein berre kan sjå frå fly. Blant anna. Det vert bra.

3 Comments:

At 12:10 a.m., Anonymous Anonym said...

ohh 20 grader høres digg ut. atm er det sol her men kaldt som i helvete.

dere får ha en god utflukt.

erik

btw: hva skjedde med å brife m ed engelsk kunnskapene dine da?

 
At 3:29 p.m., Anonymous Anonym said...

Haha.

Takkar.

Om du hadde fulgt litt med hadde du fått med deg at eg berre skulle skriva på engelsk av og til ;)

 
At 6:28 p.m., Anonymous Anonym said...

herrgud, følge med....
det betyr jo at jeg må faktsk lese alt du skriver :p

erik

 

Legg inn en kommentar

<< Home