Guri på tur

Out and about in... China!

09 november 2006

Naar turisten vert turistattraksjonen

No sit eg og Signe paa ein internettkafe i Cusco. Om lag 3300 moh.

I gaar var me i Machu Pichu. For aa koma oss dit maatte me staa opp klokka 05.00 for aa ta toget klokka 06.15. Toget var doedsdyrt og tok fire timar, kvar veg. Heldigvis var det alt anna enn ein keisam togtur. For i det heile teke aa koma oss ut av Cusco maatte toget gaa i siksak oppover. Dvs. det rygga og koeyrde rett veg om ein annan. Ganske kult. Paa vegen koeyrde me fraa fjellandskap til jungel, og hadde det ikkje vore for at eg sat feil veg hadde eg nok teke mange fine bilete. Sidan eg sat feil veg tok eg berre mange "akkurat litt for seint" bilete. Jaja.

For aa koma oss fraa toget til machu Pichu er det meininga at ein skal ta ein buss. Det syntes ikkje Signe var nokon god ide. Ho skulle gaa. Det faktum at det er ca langt og 600 meters stigning fraa togstasjonen til Machu Pichu spelte inga rolle. Signe gjekk (eg tok bussen altsaa).

Uansett. Opp kom me oss. Begge to. Signe fekk vel og merka om lag tretti fleire myggstikk enn meg. Signe har 30+, eg har eitt...

Machu Pichu var som venta. Fantastisk. Eg har sikkert minst 20 "klassiske" Machu Pichu bilete. For ikkje aa nemna dei 40 andre bileta.
Eg gjekk i usansynleg mange trapper, sneik meg med paa tyskspraaklege guida grupper (det var saers mange tysktalande der) og tok bilete av "ville" dyr i ruinar. Det aller mest underhaldande var dog at EG vart ein del av turistattraksjonen (det hender noksaa ofte igentleg).

Plutseleg kom det masse jenter med joggedressar med "jesus born" (paa spansk altsaa) skrive paa ryggen og lurte paa om dei kunne ta bilte av seg sjoelve saman med meg (dette hender meg eigentleg "heile tida"). Det var jo greit forsaavidt. Det eg lurar litt paa er kvifor det er saa kult aa ha bilete av seg sjoelv saman med ein tilfeldig 183 cm hoeg litt sveitt norske.

Paa veg ned att fraa Machu Pichu var det lang busskoe. Saa lang busskoe at me nesten ikkje rokk toget faktisk. Som ikkje det var nok var koeen full av snikande italienske pensjonistar. Dei pressa og dytta og kjefta og oppfoerde seg rett og slett som dei verste koegjengarane eg nokon sinne har sett. For ikkje aa snakka om at dei nesten stakk ut augo mine med paraplyane sine. To gonger var eg saa sint at kjefta paa dei. Ei gong avdi eg faktisk frykta for augo, den andre daa ei dame paa 60 + dyttar meg til side og saa kjeftar for at eg stod i vegen. Daa hadde eg staatt i koe i ein halv time. Eg er relativt flink til aa kjefta, berre synd at italianarane ikkje kunne engelsk og eg ikkje er god nok i spansk til aa kjefta paa spansk. Akk ja.

I dag har eg og Signe sove "lenge", det vil seia til ni, og for ei gongs skuld har me hatt tid til aa eta frukost. Hurra.
Elles har me sett paa kyrkjer, ruinar og kjoept suvenirar (hei anna, me har kjoept oksar som me skal ha paa doera heime...). Dessutan gjekk me ein lengre tur oppover den eine fjellsida her. Der var det fint.

Paa turen vaar moette me paa mange morosame, ikkje engelskatalande Peruanerar. Dei brukte (openberret) tida si paa aa henga i "parken", drikka chicha (gjaera maissaft, ja det er like lite godt som det hoeyres ut som) og spela/synga. Dei var ikkje saa veldig flinke til aa spela og synga i same toneart, men elles var dei hyggelege. Signe kjoepte ein didgeridoo av dei. Eg kjoepte ikkje didgeridoo (sjoelv om eg vil paastaa at eg var flinkare enn Signe til aa laga lyd i didgeridooen ;).

I natt tek me bussen til Puno, som ligg ved Titicacasjoen. Der skal me forhaapentlegvis sjaa paa flytande oeyer.

4 Comments:

At 12:11 a.m., Blogger Mari said...

Så herleg eksotisk, eg gleder meg til å sjå bileta.

 
At 1:16 a.m., Anonymous Anonym said...

ohh moro med hssige italienere.
gleder meg til å se bilder, du får skaffe deg en slik internett fotoalbum. hehe

erik

 
At 10:22 a.m., Anonymous Anonym said...

ja det hørtes ut som det var kjekt på der oppe i høyden.
Du må fortelle meg hva disse oksene er for noe?

 
At 9:57 a.m., Anonymous Anonym said...

Om du synes Machu Pichu er eksotisk veit eg ikkje kva du kjem til aa synas at det eg har gjort etterpaa er Mari.. :P

Noko internettfortoalbum vert det nok ikkje, men spesielt utvalde bilete vert nok lagt ut paa bloggen :)
Elles kan de jo saa naar me moetes ei gng ;)

Du faar sjaa oksane naar me (eg) kjem heim. Dei og steinpenisane (det er ei historie bak, og ho vert snart blogga), haha.

Klem

 

Legg inn en kommentar

<< Home