Guri på tur

Out and about in... China!

29 mai 2006

Reisetips 2

Og så var det altså på tide med meir reisetips. Til meg denne gonga og ja.

Berre at no lurar eg ikkje på kvar eg skal men kva eg skal ha med meg. Ikkje sånn heilt basic då, til og med eg skjønar jo at det er lurt å ta med reine truser, men litt meir sånne ting som er lurt å ta med men som ein kanskje ikkje tenker på. Til dømes har Signe tipsa meg om at det kan vera lurt å ha med ein liten hengelås, for det er ikkje alle oppbevaringsboksar som er utstyrt med det altid...

Dessutan lurar eg litt på dette med sko...
Eg skal jo "leva i sekk" ei stund, og i så måte hadde det vore kjekt om eg kunne greia meg med berre eit par sko så vert det litt mindre å dra på (og dessutan slik at eg har litt plass og vekt å gå på om eg skulle finna dei kulaste skoa, eller noko anna, i løpet av turen). Det set jo visse krav til skoa om komfort og kvalitet. Rett og slett ting eg veit svært lite om når det kjem til sko.
Når eg kjøper sko brukar pris og utsjånad å vera viktigast (dette er for såvidt viktig no og). Eg har tenkt at kanskje joggesko eller sandalar kan vera bra. However, det slår meg at ingen av delane vil gjera underverk for "imaget" mitt. Så då er spørsmålet mitt, veit nokon om bra, fine (gjerne svarte), ikkje altfor dyre sko som eignar seg for interrailing?
(Ikkje det nei. Tenkte meg det. Jaja. Då vert det vel det vanlege...)

Dette ligg an til å verta den mest uinteressante posten i bloggen min til no, føler eg. Vel, de får bæra over med meg.

Jupp. Dette er altså den store "ting ein treng på tur" posten min.
Neste ting på lista er digitalkamera. Dette har eg ikkje frå før (eg har berre fem filmbaserte kamera i staden liksom). Signe har sett på dette kameraet (biletet er av feil kamera og i feil farge, men de skjønar teikninga), og eg lurar på om det ikkje er tingen for meg og. Billeg men likevel nok pixlar til at bileta vert brukande. Så, er det nokon som har prøvd det før? Er det bra? Eller burde eg kjøpa eit anna?
Hm...




Eg skal reisa i den raude og den mørkast grøne sona.

Reisetips

Ikkje til dykk, men til meg altså.

I sommar skal eg på interrail. Eg skal reisa aleina med ein sånn billett som varar i 22 dagar. Landa billetten gjeld for er Danmark, Tyskland, Sveits, Østerrike, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Kroatia, Bosnia og Herzegovina. Eg vil prioritera kvalitet framfor kvantitet, så eg er ikkje innom alle landa. Eg skal reisa i juli.

Eg skal byrja i Budapest. Eg vil i alle fall innom Praha, og har høyrt at kysten av Kroatia er fin om sommaren. Ut over det har eg faktisk ikkje så mange konkrete planar.

Så, det eg lurar på er: Kvar burde eg reisa? Kva burde eg få med meg. Kvar er det fine muse og bibliotekt, fin arkitektur, solfylte strender som ikkje er overfylte av turistar, kjekke marknadar og liknande? Sidan eg reiser aleine MÅ eg ha ok plassar å sova, så veit nokon om ok hostel/ungdomsherberg rundt om kring? Eg vil helst bu billeg, det går greit om verdisaker ikkje nødvendigvis er trygge der eg bur berre eg er trygg sjølv.
Kjenner nokon hyggeleg folk rundt om kring som kanskje vil visa meg byen/staden dei bur hadde det og vore kjekt.
Om nokon tilfeldigvis skal ut å reisa i same område samtidig kan me kanskje utveksla nummer og kanskje møtast?

Alle tips mottas med takk, antan som ein kommentar eller på e-post.
Min e-post er raudstjerne krøllalfa hotmail punktum com.